Gjetarhundane

 

Denne artikkelen handlar om dei flotte gjetarhundane, bordercolliane, Elbrus og Bill og kva aktivitetar dei har drive med det siste halve året.  

 Elbrus er 6 år han går kl. 3 lydnad og kl 3 på gjetarhundkonkurransar. Han har delteke på konkurransar i inn og utland, vore med på 3  Norgesmeisterskap der beste plassering var nr 11. (2006).  Bill er 4 år og er mest Toril sin hund. Han går lydnad, rundering og agility med henne. Ho har skrive litt om han tidlegare. Eg brukar han til gjetarhund her heime, og i tilegg, går gjetarhundkonkurransar. Han går også kl. 3 i gjeting, og har ikkje delteke så mange konkurransar enno.  

 Bill i fjellheimen                   Elbrus før start i Sverige

  I sommarhalvåret er hovudoppgåva deira å vera arbeidshjelp på sauebruket vårt der dei gjer  alt arbeidet med bl.a. å flytta sauebuskapen frå beite til beite her heime,  buføring til fjells og sauesankinga om hausten. Det er ei mengd  andre ”saue”-oppgåver ein gjetarhund også kan brukast til. Dei vert også nytta til bl.a. ”gjerdehund” når eg har gjetarhundkurs. For å få til gode gjetarhundar i praktisk arbeid og til konkurranse , må ein leggja ned ei god og rett grunntrening på hunden. Når dei er klare til det, lata dei få så mykje praktisk erfaring på sau i mange ulike miljø og på ulik type sau som mogeleg. Mestedelen av treninga til konkurransar vert gjordt i praktisk arbeid med sau. Innimellom reiser me til andre som driv å konkurrerar og trena saman med dei.

 

Bill i Sverige                      Trening på Hindenes

I slutten av juni var me (5 vestlendingar + 7 hundar) til Sverige for å konkurrera, l-a-n-g biltur tvers over Norge og Sverige. (JA, me er litt galne……….!) Staden ligg på austkysten i den svenske skjærgården, ei perle av ein stad!! Som utlendingar i eit framand land, vart me varmt mottekne av det svenske gjetarhundfolket, og me fekk mange kjekke opplevingar!!

 Hundane gjekk 4 konkurransar på ei helg saman med 85 andre, dommaren var frå Skotland.  Det var veldig vanskelege forhold, og veldig kjekt å få bryna seg saman med svensketoppen ”Søta bror”. Konkurransane vart lagt opp slik at når ein hadde misst x- antal poeng rauk ein ut (brudd), d.v.s ”ta av hatten og gå”. Det var kun ca 15-20 som greidde å koma gjennom konkurransane. Normenn vann faktisk 3 av 4 prøvar!! Elbrus klarte seg svært godt, han vart nr 27 eine dagen, men rauk ellers ut på portbom, ikkje koma snøgt nok inn på deling.  Bill var det nok i vanskelegast laget for. Han har vel aldri gått utgangar på 400 meter før, men greidde det utan problem. Han rauk ut på portbom, han rota litt med høgre og venstre signala. Det er noko eg har jobba med sidan, og det er stor framgang!!! Alt i alt er eg fornøygd med begge hundane. Begge fekk til det dei er gode på. Når ein går slike konkurransar, må ein tenkja på kva hunden kan, og leggja opp planen i konkurransen etter det.  Det er kjekt å finna ut at hundane kan nå langt dersom ein har rette ”dagen” og eg greier å konsentrera meg nok om oppgåva!!! Stort sett er det førarfeil at ting går gale, så her er det berre å skjerpa seg.!!!!!!!!!!!

 

 

Fyrste helga i august hadde Hordaland og Rogaland sine første uttaksprøvar for NM. Dei fann stad på Kvernland i Rogaland. Det var 63 deltakarar frå begge fylka, og her var både Bill og Elbrus med. Det er alltid spennande å konkurrera!! I Rogaland er det alltid flotte forhold, dei kan dette med å arrangera gj.h konkurrransar. Hordaland har 12 hundar som skal til NM i år, Elbrus vart nr 6 og Bill nr 8 etter samanlagt uttaket. Veldig bra Elbrus og Bill!!!!!!!!!!!!!!! Det er ein  uttakskonkurranse til første sundag i oktober; og det vert spenande om Bill kjem med…………….???????????

Me gler oss!!!

Eg er såååå takksam for å kunna eiga, trena og bruka tid saman med slike firbeinte venner!!! Og så mange fine opplevelsar ein får saman!!. Og slik ei god arbeidshjelp!!!!!!!!!! Også å kunna vera med i eit så fantastisk miljø gjetarhundfolket i Hordaland har laga!!!  Det å reisa saman fleire på konkurransar rundtom i Norge og utlandet, gjev utruleg mykje, både fageleg og sosialt!!!

Hugs at det er plass til mange fleira som vil trena, konkurrera o.l.!!!!!!!!!!!!!

 

Helsing Marianne.