Sporkurs

Har du lyst å læra hunden din å fylgja eit spor?
Her får hunden bruke den beste sansen sin, nemleg luktesansen.
Samtidig får den bruka hovudet sitt. Ein SUPER aktivitet for både hund og førar!
Me lærer hunden å fylgja menneskespor og å finna gjenstandar som me har "mista".
Dette kurset er veleigna for deg som vil aktivisera hunden din og har planar om å vera med
på sportreninga me har i sommarhalvåret.
Kurset er på 20 timar.
Dette kurset er no fullteikna.
For meir info, ta kontakt med Hilde Nielsen på Tel: 977 29 459 eller mail
Pris: Kr. 1.100,- (medlemer) kr. 1.300,- (ikkje medlemer)
Begrensa plassar, fyrstemann til mølla gjeld!
Påmeldingsfrist: 06.05.2011