Kurs i brukshundarbeid

 

I løpet av 22 timar skal me fokusera på lydnadsøvingar som er spesielle for brukshundkonkurransar.  
Dette inneber trening på “gå fram i line”, “framoversending”  (vidarekomne),
“kryp”, “hopp over hinder m/sitt”, “skottrening” og “fellesdekk med skot” (vidarekomne). 
Innfor bruksdelen kan ein velja om ein vil trena på delmoment i spor eller delmoment innafor rundering.
I tillegg tek me for oss ”bodføring” (m/skot for vidarekomne).

Kurset er retta mot dei som ynskjer å starta i ein brukshundkonkurranse (ein eller annan gong),
og det er ein stor fordel om hunden allereie er trent på fokus, og kan ulike target
som “target-stick”,  “musematte” og “allyopp”.

 Kursdagar
Laurdag og sundag 22.-23.10.11
Laurdag og sundag 05.-06.11.11
Sundag 27.11.11

Stad:
Norheimsund Vidaregåande Skule

Instruktør:
Tone Søgaard

 For meir info og påmelding, ta kontakt med Tone Søgaard på e-post
eller Tlf: 91 55 33 38

Pris: Kr. 1.100,- (medlemer) kr. 1.300,- (ikkje medlemer)

Begrensa plassar, fyrstemann til mølla gjeld!
Påmeldingsfrist: 15.10.11