Aktivitetskurs

Her får du mogelegheit til å prøva mange spanande aktivitetar med hunden din!
Du får prøva nasearbeid med spor og søk (både etter ting og folk).
Du får testa litt agility/balansetrening og problemløysing,
og du får læra hunden din ulike triks som å stå på to, gå slalom og kanskje rulle rundt?

Dette er ei unik mogelegheit til å prøva litt ulike aktivitetar!!

Kurset går over 2 helgar og er på til saman 23 timar.

Del 1
"Nasearbeid"

Du får her ei innføring i korleis du kan utfordra hunden til å bruka luktesansen.
Me lærer korleis ein kan leggja ulike typar spor og korleis ein kan få
hunden til å søkja etter for eksempel ting som er gjømde (feltsøk),
personar som har "gått seg vill" (rundering), eller korleis ein kan nytta
andre typar søk for å stimulera hunden.
Del 1 er på til saman 13 timar.

Når:
Kva:
Klokkeslett:
Fredag 28.05.10
Teori
19:00-21:00
Laurdag 29.05.10
Praksis SPOR
11:00-17:00
Sundag 30.05.10
Praksis SØK
12:00-17:00
Instruktørar: Tone Søgaard (søk) og Hilde Nielsen (spor)

Del 2
"Triks, balanse og problemløysing"

I denne delen får du ei innføring i balansetrening (agility) og problemløsing som
for eksempel korleis løsa "problemet" med at hunden går på feil side av ei lyktestolpe
og masse anna moro.
Me ser på innlæring av ulike triks som slalom mellom beina, stå på to,
spille død eller anna morosamt du har lyst å prøve.
Del 2 er på til saman 10 timar.

Når:
Kva:
Klokkeslett:
Fredag 03.09.10
Teori
19:00-21:00
Laurdag 04.09.10
Praksis:
Balanse & problemløysing
15:00-19:00
Sundag 05.09.10
Praksis: Triks
15:00-19:00
Instruktør: Tone Søgaard

 

Pris for heile kurset
Medlem
Kr. 1.200,-
Ikkje medlem
Kr. 1.350,-


Det er òg mogeleg å ta berre ein del, dersom du ynskjer det.

Pris Del 1 (spor & søk)
Medlem
Kr. ...850,-
Ikkje medlem
Kr. 1.000,-

Pris Del 2 (triks & balanse)
Medlem
Kr. 750,-
Ikkje medlem
Kr. 900,-


Info/påmelding: Tone Søgaard, tone@yho.no, 91 55 33 38

Påmeldingsfrist Del 1: 20.5.10
Påmeldingsfrist Del 2: 30.6.10