Agilitykurs

Lyst til å læra meir om Agility (hinderløype for hund)?
Dei aller fleste hundar syns det er veldig moro med agility!
Det er ein sport med masse fart, og hunden lærer seg å meistra ulike hinder.
Mange hundar som kan vera usikre, veks enormt på å meistra dei utfordringane
ein får på ein slik bane. I tillegg er dette ein veldig fin måte å ha det moro saman med hunden sin på!

 

Agility- Grunnferdigheiter
Ein vil i løpet av kurset gå gjenom grunnferdigheitene i agility og innføring av dei ulike hindera. Kurset tar for seg handlingssystem slik at ein på den enklaste og raskaste måten kjem seg gjenom ein bane på, samt korleis ein på best mogeleg måte kan ivareta agilityhunden for å unngå skadar og slitasje. Kurset passar like godt til dei som aldri har prøvd agility før, som for dei som har litt kunnskap frå før og som ynskjer ei helg med grunnleggjande øvelsar og ny ”innputt”.
Det er ein fordel at ein har delteke på kvalpekurs, men er ikkje eit absolutt krav. Kurset er kun basert på positiv innlæring og øvelsane vert tilpassa alder og nivået til kvar hund.

Agility er ei utruleg kjekk aktivisering både for hund og eigar.
Dei fleste hundar meistrar agility og synes det er veldig kjekt og ufrodrane.
Moro for både hund og eigar!

Kurset går over ei helg med til saman 14 timar.

Tidspunkt: 9.-11.09.11
Teori fredag: 18:00-21:00
Praksis: lørdag og søndag 10:00-15:30

Instruktør er Ann Kristin Håland

Pris:
Medlemmer:            kr.   900,-
Ikkje medlemmer:  kr. 1.100,-

 For påmelding og meir info, ta kontakt med
Tone Søgaard på e-post eller Tlf: 91 55 33 38

Påmeldingsfrist: 27.8.2011