Våre instruktørar
Kvam Hundeklubb har 4 eigne instruktørar. Desse held bl.a. kvalpekurs, grunnkurs, lydnadskurs og brukskurs.
Her er ein liten introduksjon av kvar enkelt.
Tone Søgaard |
Tone Søgaard NKK instruktørutdanning (trinn 1) i 2001 Eg har hatt hund rundt beina sidan 1989. Den fyrste hunden min, ein langhåra collie, var eit svært godt selskap og ein god turkamerat. Arvtakaren, Boris, også langhåra collie, vart den hunden som omforma meg frå hundeluftar til hundetrenar. Boris viste seg å ha eit svært høgt aktivitetsnivå og eg vart pressa til å snusa både på spor, lydnad og rundering. Eg fatta etter kvart stor interesse for området ”hund og læring” og gjennomførte utdanninga som NKK trinn I instruktør i 2001. Etter det har eg delteke på ei rekkje kurs innan ulike greiner av hundesporten og eg har halde ei rekkje kurs for Kvam hundeklubb. I heimen har eg i dag 2 hundar, Jassir og Jopplin. Begge tilhøyrer rasen tervueren (belgisk fårehund). Eg brukar å seia at gjennom dei manga åra eg har trena hund har eg stadig endra og finslipt på metodar. Kvar hund hjå meg er ei ”prøvekanin” i søket etter mest mogeleg effektive metodar for læring. Eg har alltid nytta positiv forsterkning (belønning) i opplæring av hund, men auka kunnskap har medført stadig større bruk av ”forming av åtferd” gjennom positiv forsterkning. I dag er eg ikkje i tvil om kva som er den mest effektive, sikraste, mest etiske og ikkje minst mest morosame måten å trena hund på! |
Marianne Byrkjeland |
Marianne Byrkjeland 2007 NKK instruktørutdanning trinn 1 Eg fekk min første hund 1986, ein Border collie som skulle brukast i sauehaldet på garden. Sidan har det vorte mange gjetarhundar som har vore innom her til opplæring. Det har vore kursverksemd for gjetarhund folk, og sal av trente hundar. Nokre år dreiv eg også med avl på gjetarhund. |
Hilde Nielsen |
Hilde Nielsen NKK instruktørutdanning (trinn 1) i 2007 Eg har så lenge eg hugsar ynskt meg hund, og med Happy, Cockeren min (fødd i 2001), gjekk endeleg draumen om eigen hund i oppfylling. Før det, hadde me ein omplasserings Cavalier i nokre år. |
Ann Kristin Håland NKK instruktørutdanning trinn 1 I 2010 Eg har vokse opp med hund og utanom to familiehundar fekk eg min første hund i 2007, ei chihuahua langhåra tispe. Ho er ei lita frøken med ein stor personlighet som eg har trent litt lydighet med, men som blir mest brukt til kos og turar. Eg har og trent ein anna hund ein del i agility (hinderløype med hund) som eg blant annet har gått på Canis agility elite kurs med. Ho er ei blanding mellom border collie, schæfer og elghund, og er ein drøm å trene med. Eg planlegger å få meg ein hund til, ein belgisk fårehund tervuern, som eg skal eg trene innan favorittsporten min agility og redningshund. Eg har dei siste åra gått ifrå å trene og drive med hund som hobby til meir profesjonelt. Eg har deltatt på ein rekke kurs og er bare begynt på min utdanning innan hund. Hovudutdanninga eg tar no er hos Nordisk Hundemassasje skule. Sistnemnte er ei djup innføring i hundens anatomi og fysiologi. Ved avsluttande eksamen i 2011 vil eg gå ut som autorisert terapeut på hundemassasje. Eg har som mål å kunne drive meir og meir med hund og det er alltid noko nytt å lære. Eg trenar etter positive metodar som er kjekt både for eigar og hund. Det er veldig viktig å aktiviserer hunden uansett rase og eit av mine favoritt utsagn er ”Dersom du trur du er ferdig utlært, er du ikkje utlært men ferdig” Velkommen på kurs |