|
Gjetarhundane
Denne artikkelen handlar om dei flotte gjetarhundane, bordercolliane, Elbrus og Bill og kva aktivitetar dei har drive med det siste halve året. Elbrus er 6 år han går kl. 3 lydnad og kl 3 på gjetarhundkonkurransar. Han har delteke på konkurransar i inn og utland, vore med på 3 Norgesmeisterskap der beste plassering var nr 11. (2006). Bill er 4 år og er mest Toril sin hund. Han går lydnad, rundering og agility med henne. Ho har skrive litt om han tidlegare. Eg brukar han til gjetarhund her heime, og i tilegg, går gjetarhundkonkurransar. Han går også kl. 3 i gjeting, og har ikkje delteke så mange konkurransar enno. Bill i fjellheimen Elbrus før start i Sverige I sommarhalvåret er hovudoppgåva deira å vera arbeidshjelp på sauebruket vårt der dei gjer alt arbeidet med bl.a. å flytta sauebuskapen frå beite til beite her heime, buføring til fjells og sauesankinga om hausten. Det er ei mengd andre ”saue”-oppgåver ein gjetarhund også kan brukast til. Dei vert også nytta til bl.a. ”gjerdehund” når eg har gjetarhundkurs. For å få til gode gjetarhundar i praktisk arbeid og til konkurranse , må ein leggja ned ei god og rett grunntrening på hunden. Når dei er klare til det, lata dei få så mykje praktisk erfaring på sau i mange ulike miljø og på ulik type sau som mogeleg. Mestedelen av treninga til konkurransar vert gjordt i praktisk arbeid med sau. Innimellom reiser me til andre som driv å konkurrerar og trena saman med dei. Bill i Sverige Trening på Hindenes I slutten av juni var me (5 vestlendingar + 7 hundar) til Sverige for å konkurrera, l-a-n-g biltur tvers over Norge og Sverige. (JA, me er litt galne……….!) Staden ligg på austkysten i den svenske skjærgården, ei perle av ein stad!! Som utlendingar i eit framand land, vart me varmt mottekne av det svenske gjetarhundfolket, og me fekk mange kjekke opplevingar!! Hundane
gjekk 4 konkurransar på ei helg saman med 85 andre, dommaren var frå Skotland.
Det var veldig vanskelege forhold, og veldig kjekt å få bryna seg saman
med svensketoppen ”Søta bror”. Konkurransane vart lagt opp slik at når ein
hadde misst x- antal poeng rauk ein ut (brudd), d.v.s ”ta av hatten og gå”.
Det var kun ca 15-20 som greidde å koma gjennom konkurransane. Normenn vann
faktisk 3 av 4 prøvar!! Elbrus klarte seg svært godt, han vart nr 27 eine
dagen, men rauk ellers ut på portbom, ikkje koma snøgt nok inn på deling.
Bill var det nok i vanskelegast laget for. Han har vel aldri gått
utgangar på
Fyrste helga i august hadde Hordaland og Rogaland sine første uttaksprøvar for NM. Dei fann stad på Kvernland i Rogaland. Det var 63 deltakarar frå begge fylka, og her var både Bill og Elbrus med. Det er alltid spennande å konkurrera!! I Rogaland er det alltid flotte forhold, dei kan dette med å arrangera gj.h konkurrransar. Hordaland har 12 hundar som skal til NM i år, Elbrus vart nr 6 og Bill nr 8 etter samanlagt uttaket. Veldig bra Elbrus og Bill!!!!!!!!!!!!!!! Det er ein uttakskonkurranse til første sundag i oktober; og det vert spenande om Bill kjem med…………….??????????? Me gler oss!!! Eg er såååå takksam for å kunna eiga, trena og bruka tid saman med slike firbeinte venner!!! Og så mange fine opplevelsar ein får saman!!. Og slik ei god arbeidshjelp!!!!!!!!!! Også å kunna vera med i eit så fantastisk miljø gjetarhundfolket i Hordaland har laga!!! Det å reisa saman fleire på konkurransar rundtom i Norge og utlandet, gjev utruleg mykje, både fageleg og sosialt!!! Hugs at det er plass til mange fleira som vil trena, konkurrara o.l.!!!!!!!!!!!!!
Helsing Marianne.
|
|