Boris

18.07.06 (62).JPG (1214464 byte)28.07.06 (11).JPG (1307023 byte)28.07.06 (17).JPG (1301589 byte)

Om korleis ein trenar eit vanleg gjennomsnittsmenneske

til å verta ein brukbar hundeeigar

 

Hei artsfrende !

Eg heiter Boris og er ein langhåra collie, nærmar meg 10 år og er (framleis) trenar av ei som heiter Tone. Ho er eg rimeleg nøgd med etterkvart. Er du nøgd med ditt hundemenneske ? Ikkje heilt ? Då skal eg fortelja og gje deg nokre tips om kva du kan gjera for å få eit godt hundeliv !

Eg vart henta hjå oppdrettaren min då eg var 2 mnd. Den nye eigaren min såg ut til å vera etter måten grei; men hadde ikkje peiling på hund ! Dvs. ho hadde visst hatt ein collie, hannhund, før meg, - men han har nok vore dumsnill for han hadde faktisk ikkje lært ho noko som helst !!! Eg måtte byrja heilt på ”skrætsj” ! Eg hadde vore med på ein valpetest hjå oppdrettaren min,- og for å vera på den sikre sida, lata eg som om eg var litt for roleg og beskjeden slik at den nye eigaren min fekk beskjed om at eg måtte få byggja litt sjølvtillitt ved for eksempel å vinna drakampar og slikt…..he he …… Då eg kom til den nye heimen min trong eg ikkje ”lata som” meir, så då tok eg ut alt eg hadde av energi og ting eg kom på (og det var fleire…) …… Det første året mitt bruka eg på å springa og herja og løysa meg sjølv frå løypestrengar og så vidare. Det var ein god måte å få mennesket mitt til å gå maaaasse tur med meg, - og så vart eg veldig sprek, - og så kunne eg springa endå meir !!! Eg var så energisk at eg slapp å vera med på besøk her og der og trena stilletrening og andre kjedelege ting…… eg fekk det nett slik eg ville :-D …..mennesket mitt var nokså fortvila, men eg passa på å vera ein storsjarmør i tillegg, slik at ho ikkje skulle byrja å tenkja på omplassering…. (skrekk og gru) Då eg var 8-9 mnd var eg så pass sjølvstendig (nokre kallar det ulydig…) at ho meldte oss på lydnadskurs ! DET var skøy ! Der kom det mange andre hundar og eg STYRA på i eitt banke køyr med bjeffing og hopp og sprett for å kommunisera litt med desse andre… Mennesket mitt var rett nok storfrustrert men EG hadde det moro på kurs :-D I tillegg lærte eigaren min å bruka BELØNNING når eg gjorde dei rette tinga ! Jess !!! No vanka det både det eine og det andre, og eg byrja faktisk å vurdera å koma når ho ropa (rett nok etter å ha sett meg rundt etter andre kjekkare ting å ta seg til)……og ho lærte å ropa med slik fiiin snill stemme……slik at eg skulle få LYST til å koma……

Menneske mitt er litt treg i toppen; det gjekk faktisk eitt år før ho byrja å fatta at eg måtte få noko å jobba med ! Heldigvis vart eg på eitt tidspunkt redda av Kvam hundeklubb som skulle gjennomføra eit sporkurs… mennesket mitt meldte oss på; å hjelpe meg så moro det var !!!! Eg fekk jobba og finna spor og gjenstandar i sporet og hadde det urmorsomt….eg fekk endå ikkje kjeft for å bjeffa det eg kunne :-D No passa eg godt på at Tone var nøgd også; slik at eg fekk halda fram med denne aktiviteten. Eg passa på å vera flink, slik at mennesket mitt fekk bygd litt sjølvtillitt; og så var eg I TILLEGG roleg når me kom heim slik at ho fekk litt belønning for å ha tatt meg med…… Det var smart veit du; for då heldt ho fram med å la meg få gjera ting eg synest mykje om: ho utvida med feltsøk og rundering ! Eg berre ELSKA det !!

:-D Einaste: ho hadde også for seg at eg skulle læra slike lydnads tingtang….men ho skjønte IKKJE at ”trykk på rumpa og rykk i bandet” metoden gjorde at eg syntes dette var kjedeleg og streika på alle mogelege måtar… til slutt innsåg ho at ho måtte byrja på instruktørutdanning og etter det byrja saker og ting å verta laaangt betre…. positiv trening; JESS ! …likevel heldt eg fram med å synast at lydnad ikkje var så kjekt; for det var berre blitt slik på ein måte…..

….og så tok ho meg med på utstilling: DET var pyton det ! Ikkje nok med at eg, før utstillinga, måtte bada og kostast og klippast; eg vart SPRAYA i tillegg !!! Eg protesterte vilt heile tida og GAV MEG IKKJE…..men veit du kva ho gjorde ? Ho fekk ei som heiter Heidi til å frisera, og ho er større og sterkare og meir sta enn menneske mitt, og til slutt enda eg likevel opp nokså frisert (æsj) kvar gong. Eg fekk rett nok belønning no og, men eg var så umogeleg at eigaren min og Heidi måtte ha litt raudvins-belønning og då slapp eg faktisk unna tidlegare enn ”normalt”….hehe :-D ……. og så var det til å reisa land og strand… ofte med overnatting….og DET er ikkje noko kjekt….eg bruka å la vera å eta på slike turar slik at det der mennesket mitt skulle forstå at eg burde få sleppa, - men det var det ikkje hjelp i; eg måtte inn i den fordømte ringen…..stå rett opp og ned….bli kladda på både i munnen og bak og UNDER av vilt framande personar !!! Springa ein runde eller to og stå der på nytt som ein annan ”zombi” ! Eg fekk til sist tittelen ”Nuch” (kva eg no skal med den ?) men eg sytte i alle høve for at den var oppnådd med maaassse godbitar i ringen (elles masa og gøydde eg i eitt strekk) og at eg aldri måtte stå til spott og spe på eit STELLE-BORD i utstillingshallen og verta finfrisert slik lagnaden til mange colliar er… skrekk og gru !

Elles lønar det seg å straffa mennesket sitt med å verta SUR når ein ikkje får det slik ein vil ! Det gjeld i mange samanhengar; for eksempel når dei berre plasserer deg vekk til framande i 3 heile veker !!! Då bør ein lata som om mennesket er LUFT når det kjem for å henta, - og i tillegg bør ein eta opp kjøkken knottar og riva litt tapet når ein kjem heim….. det er veldig effektivt, - i mitt tilfelle enda det opp med at i ettertid har eg berre vore plassert hjå folk eg kjenner frå før ! Det er veldig bra, men aller best er det når eg får vera hjå ”tante Margrethe” for ho er MEGA ! Ho spring etter meg når eg har knabba sokkar; eg får snop på maten kvar dag; eg får liggja i sofaen og til og med tørka meg på den dersom eg er våt etter symjeturen…. og aller best: ho seier ingenting når eg opnar soveromsdøra klokka 7 kvar morgon og hoppar opp i hennar seng :-D DET er ferie det ! Det er mest så eg ikkje har lyst heim når eg vert henta…

….og vågar mennesket ditt å koma heim med ein ny VALP ???!!!! Det gjorde mitt !!! Ein ekkel liten trillrund frekkas som i tillegg heiter Jassir ! ”Jassemann” ”bebisen” og andre ufordragelege klengenamn som vart (vert) uttala med ei sukkersøt smiskestemme !!! Eg spyr !

Fyrst sette eg utingen kjapt på plass då han våga seg på å nærma seg plassen MIN !! Fy flaten kor han hyla ! ….og eg var ikkje ein gong borti han……men kven fekk kjeften av mennesket trur du ? EG ! Så eg skjøna at eg måtte endra strategi: eg lata som om valpen ikkje eksisterte og så lata eg som om Tone ikkje eksisterte heller…..og så var eg SUR ! I tre heile veker !! Til dømes kan du gjera slik: kjem mennesket med pølse for å blidgjera deg ? IKKJE TA I MOT !! Vend hovudet vekk og ikkje sjå på verken mennesket eller pølsa ! Det hjelper !!! Mennesket seier då at valpen aldri skal ha føremoner framfor deg og at du skal vera 1. hund sjølv om valpen vert stor og sterk og vil prøva å dominera ! Då skal mennesket ordna opp seier det ! Det heile har i alle høve enda opp med at eg har det nesten betre enn før; Tone sytte for at Jassir ikkje har fått herja på med meg, samstundes som eg har fått selskap i ein annan hund (og han er faktisk ikkje verst; det er mest som eg er blitt litt glad i han faktisk…) I tillegg er Tone no så godt oppdratt (av meg !) at Jassir får belønning for alt mogeleg; klappa seg, koste seg, springa / hoppa inn i bur, for å vera roleg osb. Ja, - til og med for å TISSA fekk han belønning då han var liten (eg vert nesten litt kvalm) !!! Det som gjer dette bra er at eg får tilsvarande belønning utan å ha gjort noko :-D DET likar eg ! Eg har aldri fått så mange tyggegreier som no… og er eg ikkje nøgd, så surnar eg berre litt og så spring mennesket mitt og hentar noko betre ! Veldig bra!

Som du skjønar har eg etter mykje strev og mange år oppnådd brukbare resultat med eit vanleg gjennomsnittsmenneske; så det går an ! Det er berre til å starta opp ! Rett nok vil hund nummer 2 nyta store gratis fordeler av jobben din; men det får så vera, - du har då fått tips om korleis ein kan utnytta det at den er i hus òg veit du :-D

Lukke til !

Helsing Boris A

 

- Framside

- Plan for akt.

- Kurs

-Treningsoppsett

- "Merkjedatoar"

-Nyhende

-Konkurransar

- "Wall of fame"

-Medlem + foto

- Lenkjer

-Agility

-> Kurs

-> Bilete

-Lydnad

-> Kurs

->Bilete

-Rundering

-> Kurs

-> Bilete

- Spor

-> Kurs

-> Bilete

-Stafettpinnen

-Årsmøte 07