|
Lise Marit og scott Hei! Eg er blitt bedt om å skriva litt om korleis det er å vera heilt fersk hunde-eigar. For det første har eg aldri våre spesielt oppteken av hundar. Har vel heller våre litt redd dei. Men i fjor på denne tida byrja eg å tenkja på at eg skulle hatt noko og engasjera meg med, og tanken på hund kom. Til stor overrasking for dei fleste, inklusiv meg sjølv. Dei andre i heimen var snart med på notane, og me konsulterte Ove Nyland ang. val av rase. Me ville ha ein hund som ikkje vart for stor, men likevel "var ein hund". Og den måtte ha sterk psyke. Han kom på visitt med hundebok og det heile. Me såg til auga vart stort og raudt. Til slutt fall valet på cairn terrier, anbefalt av Ove. So var det å få tak i ein valp som leverings klar i midten av juni. Då byrja eg på ferie. Me surfa på nettet og ringte valpeformidlar. Etter ein del styr fekk me endeleg kontakt med ein oppdrettar på Karmøy. Han hadde to tisper som skulle nedkoma i april. Hurra! Men me kunne berre få hann hund, for tispene skulle seljast til andre oppdrettarar. Heilt ok for oss! So venta og venta me. Og eg planla og planla. Sundag 24.april ringte han endeleg. Den eine tispa var "gått tom" og den andre hadde berre fått ein valp, men det var ein hann. Dobbelt hurra!! Me fekk bilder på mail og gledde oss endå meir. Pinseafta reiste me til Karmøy på besøk, for me måtte godkjennast som verdige hunde- kjøpar. Det gjekk bra og me fekk helsa på Scott, som me ville kalla valpen. Han var til forveksling lik eit marsvin, svært tjukk og med korte bein. Men han hadde jo all maten åleina så det var nok forklaringa på hans korpulente vesen. Med avtale om henting 16.juni reiste me heim. Eg vart ein flittig gjest på Tom & Jerry. Investerte i bur, mat skåler og hundegodteri. Og fekk mange gode råd på kjøpet. So var dagen endeleg komen og me reiste og henta Scott. Oppdrettar sa at me berre kunne ha han i buret om nettene og han trengte ikkje liggja på same rom som oss. Dette gjekk svært bra, kunn avbrote av ein do tur i ny og ne. Eg pusta letta ut for eg hadde sett for meg nattevåk og piping. Andre dagen me hadde vår nye venn vart han svært sjuk, kasta opp i eitt og var slapp og skjelvande. Eg kjende at dette ikkje var noko kjekt. Ringte til Karmøy og dei sa at han sikkert hadde ete noko som valpe magen ikkje tolte. Hjå dei hadde han nesten ikkje våre ute, og det var han jo heile tida her. Og dagen etter var han lika fin, men eg synes det var ein skremmande opplevelse. Etterpå var eg livredd at det skulle skje noko med han. Og det var og so utruleg mykje meir arbeid å ha valp i huset enn eg i min villaste fantasi hadde trudd. Følte at eg ikkje kunne sjå augene av han. Skulle luftast etter måltid, søvn, leik o.s.b. Så det som skulle vera so kjekt og festeleg fortona seg meir og meir som eit mareritt for min del. Og so beit han heile tida, i anklar, tær, fingrar, møblar og ellers alt han kom over. Ikkje virka det som han var særleg begeistra for oss heller, stakk av så snart sjangsen baud seg. Eg trudde at ein liten valp ville kosa og sova på fanget. Der tok eg skammeleg feil. Prøvde og lesa hundelektyre men syns ingenting passa på Scott. Var han eigentleg ein hund?? Til slutt vart det so gale at det einaste eg ville var å returnera han til Karmøy. Eg angra meg gul og blå på at eg ville ha litt meir liv i tilværelsen. Ikkje kunne eg sei det til folk heller. Hadde jo mast begeistra i veg om at me skulle få hund til alle som gadd høyra på. Og kor eg var med Scott kom folk bort og beundra den vesle lodotten. Eg smilte (falskt) og sa at "jau då" visst var han søt. Prøvde på alle måtar og overtala mannen min til å køyra til oppdrettar så me kunne heva kjøpet. Men han meinte (gudsjelov) at me måtte sjå det ann litt. Og ikkje minst tenkja på kva ungane kom til å føla viss me leverte han tilbake. Så eg balte på og prøvde å vera begeistra. Etter å ha hatt Scott ca ein mnd var me på ein fjelltur med overnatting. Det var langt å gå, men me tok lange pausar og bar Scott litt innimellom. Men han vart sjølvsagt trøytt og sleten, og var dermed svært kjekk å ha med på tur. No var det rå å ha han på fanget og han såg til og med ut som han likte det! Utanfor hytta var det ein del skumle sauer, så han var meir villig til å vera der me var. Eg kjende til min lettelse at eg likte Scott betre. Etter dette kom det seg litt og eg såg lysare på hundehaldet. Men var framleis ikkje overbevist om at det var det rette for meg. Hadde meldt Scott på valpekurs etter anbefaling frå både oppdrettar og andre hundefolk. Kurset byrja ein onsdag i midten av august. Mannen min skulle gå, for eg orka det ikkje. Han kom heim med klikker og ny giv. Eg var lite engasjert, men glad for at han var det. Onsdagen etter var han sjuk. O´skrekk! Skulle eg verkeleg makta å reisa ned?? For avstad på skjelvande føter og med klompen i halsen. Til min store forundring var det slett ikkje så verst. Spesielt godt likte eg kaffi og kake pausen, og det utruleg festelege språket instruktørane snakka når dei roste hundane. Det var mat for mons. Eg lo av det i fleire veker. Scott var jo og eit geni på kurs, so oppmerksom og flink! Eg var imponert! Han var jo ikkje dum likevel. Og dermed var det gjort. Eg overtok kursgåinga som eg likte betre og betre. No går me kurs nr. 3. Til slutt: det få valp i huset stod aldeles ikkje til forventningane for mitt vedkomande. Eg hadde nok ein ganske så rosenrød forestilling om korleis det skulle bli. Og før me fekk hund kunne eg ikkje på nokon måte forstå tidlegare hundeeigarar som, viss dei skulle hatt hund igjen, helst kunne tenkja seg ein på 2 år. Kva? Vil de verkeleg gå glipp av den koselege valpetida??? Sender med dett pinnen vidare til Tone, ein meir erfaren hundeeigar! Helsing Lise og Scott, no bestevenner!
|
|