Kathinka og Jonas

06.07.06 (13).JPG (823316 byte)13.04.08 (60).JPG (2327692 byte)29.04.07 (53).JPG (3007973 byte)

 

Eg har fått det gjeve oppdraget med å skriva nokre ord om vår opplevelse med å ha hund og sitter her med ein kopp te og prestasjonsangst på grunn av tidlegare innlegg. Men eg får vel prøva mitt beste og berre hoppa i det! Me snakka lenge om å få hund ettersom begge to er vakse opp med ein firbeint ven. Det høyrer vel egentlig til historien at eg stod for mesteparten av snakkingen, men det er berre detaljer. Timar vart til dagar og vinter vart til vår før eg endelig kunne glede Frode med at ein boxergutt var på veg. Og gladere vart han då eg kom heim med overfylt bil og meddelte at Tom & Jerry har alt du trenger pluss litt til! Gjett kor glad han vart!

Så skjedde det - eg oppdaga klikkertrening, og i løpet av to veker var eg den stolte eigar av ei bokhylle fullstappa av hundelitteratur og vart VIP kunde hos Canis. Den eine boka etter den andre vart pløgd igjennom. Eg leste ved kvar ein anledning, på bussen, i senga, imens eg gjorde husarbeid og laga middag. Entusiastisk kunne eg dele dagens kunnskapsløft med Frode over nokre svidde koteletter.

Sommaren 2005 gikk med til dei siste førebuingane før me skulle henta hunden. Frode nytta ferien sin til å snikre luftegard til Jonas, som han skulle kallas, medan eg gjorde huset hundesikkert. Alle forhandsregler vart tatt. Ledninger, blomar, puter, sko, vesker - alt som var i hundehøgde vart evakuert. Det var eit krav frå Frode si side at hunden skulle sova i kjellaren. Der fikk han sitt eige rom smakfullt innredet med bur, troféhylle og matskåler. Men i byrjinga skulle han sove oppe ilag med oss.

Dagen kom endelig då me vendte snuten nordover mot Trøndelag. Dei ti timane gikk fort, og endelig fekk me helsa på den vetle valpen. Jonas spelte korta sine rett og allereie første dagen høyrde eg Frode kalla han gullet.

Dagen etter at me henta han...

 

Alle åtvaringane me hadde fått om rabiate småvalpar med ein forkjærlighet for å terrorisere eigarane sine vart gjort til skamme. Jonas var den perfekte valp. Han var født stuerein, stille og sov for det meste. Men det var ikkje mange vekene han fekk fred før me byrja på valpekurs. Han viste seg fort å vera av den tålmodige typen som ikkje hadde noko imot at valpekurset kunne vare i timevis. Dei siste timane vart då nytta i buret medan matmor gav "sosialtrening" ein ny meining. Men både hund og fører fekk smaken på kursdeltaking og etter det har me vore med på det som me kan vera med på J.

Her er me under tannvisning, og på utstilling i Bøneshallen.

Alle vil ha ein bit av Jonas!

 

I dag ca 16 måneder etter vårt første møte må me nok slå fast at dei fleste teoriane og planane me hadde angåande hundeholdet har vorte justerte etter kvart. Jonas sover ilag med oss fremdeles, og har sin faste plass i sofaen. Det er mykje som har forandret seg i hundeverden siden sist me hadde hund, men siden me har ein so god klubb og støtta oss til har ikkje dette vært noko problem. Som deko ser av bilde under så har me jobba knallhardt med miljøtrening for å få trønderboxeren til å takle overgangen til kvam.

 

 

 

- Framside

- Plan for akt.

- Kurs

-Treningsoppsett

- "Merkjedatoar"

-Nyhende

-Konkurransar

- "Wall of fame"

-Medlem + foto

- Lenkjer

-Agility

-> Kurs

-> Bilete

-Lydnad

-> Kurs

->Bilete

-Rundering

-> Kurs

-> Bilete

- Spor

-> Kurs

-> Bilete

-Stafettpinnen

-Årsmøte 07