|
Sporkonkurranse Voss 12.06.05
Så har eg altså fått det ærefulle oppdrag av å skriva det fyrste innlegget til heimesida vår. Tenkte eg ville fortelja litt frå sporkonkurransen eg og Happy deltok på, på Voss 12. Juni i år. Me er første ekvipasje frå Kvam Hundeklubb som har delteke i kl. B bruksspor. Må jo innrømme at eg er litt stolt over den bragda, men utan god støtte, treningstips og fleire ”spark bak” av spesielt Tone, hadde me nok aldri komme så langt! Tusen takk til dykk alle sammen!! Me skal nok trene vidare! Altså, dagen starta tidlig ein søndagsmorgon i bilen retning Voss. Regnet møtte vi i Granvin, men heldigvis vart det meste liggjande igjen der nede J Me var 3 startande ekvipasjar i kl. B. Eg trakk nummer 1 og måtte starte heile greia med å ”leika” eit felt. Happy hadde aldri tidligare gått eit heilt felt, så dette vart spennande….. Eg måtte spørre dommaren korleis dette egentlig skulle sjå ut… Altså, på med dekken og ut i lyngen med Happy! Ho markerte faktisk 2 gjenstandar, men dei var det ikkje kjent lukt på, og kva gjorde dei egentlig i det sporet???? Dei lar vi ligge, tenkte ho visst. Pytt. Pytt. Eg syns ho var flink eg! Etter
litt drikke og energikjeks til hund og førar, bar det ut i sporet. Oppsøket
gjekk SUPERT. Rett på, og av garde. Over stokk og stein, gjennom høg lyng,
like høg som Happy, bakke opp og bakke ned. Eg låg etter i lina, og hadde nok
med å sjå kor eg gjekk. Av og til vart det heldigvis ”pinnestopp”. Men
ikkje lenge. Berre ein neve med Frolic, så skulle ho vidare. Me kom ut av
sporet etter 23 minutt og med alle pinnane, minus ein. Førar gjennombløt av
svette og hund lykkeleg over å ha funne kongen til slutt. Det var tunge Så var det ned for å ”leika” litt lydighet. Eg visste det var ein del øvelsar som ikkje sat som dei skulle, men prøve oss kunne vi no. Fyrst var det fellesdekk. Det var ALT for kjedelig. Dessuten lukta det så godt av beatsuppa, så vi går heller og ser om det er noko å henta der, tenkte ho visst, etter ca. 2 minuttar…. Etter å ha gått fri ved foten på eit vis, med litt surring av meg, og ein litt demotivert hund, diverse sideforflyttiningar og andre ting vi vel knapt har prøvd, var det vidare med dei andre øvelsane. Det gjekk no på eit vis, og god underholdning sørgde vi for i fremadsending. Vart 0 der, så klart. Men, utrulig nok, det vart GODKJENT, og ein 2. plass, så eg er SUPER-KJEMPE-FORNØYD med det!!!! Fekk 241 poeng i bruksen, og 84,5 poeng i lydighet. No er det berre å trene i vei, fram til konkurransen vår i Oktober. Så vil eg gjerne gi stafettpinnen vidare til Kristin Bergan. Kanskje du kan fortelja litt om din erfaring av ditt fyrste valpekull???? Voff fra Hilde & Happy
|
|