|
Eva - Eit hundeliv Ja no har eg fått den æra å
overta stafettpinnen frå Toril. Eg vil skriva litt om meg og hundane mine. Så lenge eg kan huske har eg
vore interessert i hund. Men for kvar gong eg nemde dette for nokon tidlegare så
fekk eg maange advarsler om kor dumt det var å skaffa seg hund. Ikkje minst så
vart ein bunden til å gå turer kvar dag, kunne ikkje reisa nokon stad i ferier
osv osv… Fyrst når sonen min Sølve byrja å snakka om kjæledyr vurderte eg
hund igjen… Eg begynte å lesa masse om
hunderaser og såg i avisene etter ein hund som kunne passe til oss. Valget falt
på Hero, ein kerry blue terrier. Og då var det gjort, både eg og Sølve
trivdes med hund i hus. Etter at eg vart medlem i kvam hundeklubb lærte eg
masse om det å trena hund. Ville prøva alt. Så Hero har trent rundering,
spor, agility og lydighet. Eg har vore på mange kurs og synes dette er kjempe
moro!
Når Hero passerte 3 år hadde
eg lyst å få ein ny hund og trena meir målretta mot konkurranser. Valget
denne gongen falt på australien shepperd, og ventetida kjentes lang når eg
venta på at Leon skulle koma til oss. Som mange veit så mista eg
Leon i sommar. Han vart berre 14 månader gammal. Han skulle HD og AA rønkast
men døde berre minutter etter at han fekk narkose. Dette var eit sjokk og
fortsatt sakner eg han heilt enormt. Eg trivdes så godt med han og tomrommet
etter han vart stort.
Men midt opp i det heile så
hadde me heldigvis bestilt ein liten mudi valp som Sølve skulle trena. Atillus
kom til oss, og det gjorde godt å få liv i heimen att.
Eg sjølv ville ha ein
australien shepperd som Leon igjen, aller helst mest muleg lik Leon. I alle fall
ville eg det fyrst… Og så begynner ein lang
historie som eg skal prøva å gjera kort…. For denne gongen vart det
ikkje berre kjekt og spennande å vente på valp. Faktisk så vart det mange våkennetter
med mange tanker om alt som kunne gå galt.. tenk om eg velger ein valp som
ikkje er frisk, er det dumt å kjøpa frå samme linjer? skulle eg valgt ein
annan rase? Skulle eg venta med å kjøpa valp? Etter veeeldig masse att og fram
så enda det opp med at eg kjøpte vesle (store) Ivo som er halv-bror til Leon.
Han er ein trivelig og trygg valp som eg gleder meg til å bli meir kjent med. Håpar
me blir å sjå i lydighetsringen om eit års tid + +
Eg vil også nytta høve til
å takka Tone for at ho dytta meg i gang med instruktørutdanninnga! Me treng
ein leiar som "presser" oss litt! Eg har vore heldig å ha mange
engasjerte kursdeltakere på mine kurs og er no glad eg tok utdanninga! Så for oss her på Gardtveit
går mykje av fritida i hund og me trives med det! Det var som sagt mange
motforestillinger når me snakka om å skaffe oss hund, men for oss er det blitt
ein del av kvardagen og ein super hobby! Og ikkje minst er det eit godt miljø i
klubben og mange av oss er vel "ganske" aktive… (jaffal om ein
rekner med kafè-besøk og heftige diskusjoner). Til slutt vil eg senda
stafettpinnen vidare til Lise Marit Urheim og Scott. Kan henda Lise har litt å
fortelja om det å få hund i hus.. Helsing Eva og hundane
|
|